kalimah.top
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 #

herborg kråkevik – maria på veg كلمات اغاني

Loading...

maria på veg lyrics
[vers 1]
eg vov dei dukar, raude, blå
vov lilla og kvitt lin
då stod så høgt eit ljos hjå meg
i sylvkvitt stråleskin

[vers 2]
eg våga lyfte augo, sjå
la stunda vera mi
då såg eg at han bar ei lilje
kvit, i handa si

[vers 3]
då visste eg òg kven han var
eit bod så ageleg
send ifrå vår skapar_far
i himlane, til meg

[vers 4]
eg varsla vart, ein tidleg vår
om noko rikt og stort
at livet er ei gåve som vi
får og så gjev bort

[vers 5]
no renn det livet gjennom meg
ei elv av ljos, ein foss
snart heile verda føder eg
den sonen, inn til oss
[vers 6]
ja, det er òg eit under stort
at slik ei møy som eg
kan vera dør for slik ein konge
bru for slik ein veg

[vers 7]
no er vi snart i davids by
og børa mi er tung
og enn eg ber ho utan sut
for eg er sterk og ung

[vers 8]
og sanneleg, sjå, betlehem
her veit eg det skal skje
men finst det rom for oss i kveld
ein stad å finne fred?

[vers 9]
min festarmann frå dør
til dør han går og bed om ly
men kvart eit hus er stengt for oss
i denne manntalsby

[vers 10]
så lat det bli som det vart spådd
lat stallen bli vårt rom
i grotta duld, i løynde bu
du skjer, mysterium

كلمات أغنية عشوائية

اهم الاغاني لهذا الاسبوع

Loading...