kalimah.top
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 #

edvard grieg – møte كلمات اغاني

Loading...

ho sit ein sundag lengtande i li;
det strøymer på med desse søte tankar
og hjerta fullt og tungt i barmen bankar
og draumen vaknar, bivrande og blid
då gjeng det som ei hildring yver nuten;
ho raudner heit; der kjem den vene guten

burt vil ho gøyma seg i ørska brå
men stoggar tryllt og augo mot han vender;
dei tek einannan i dei varme hender
og stend so der og veit seg inkje råd
då bryt ho ut i dette undringsord:
»men snille deg då … at du er så stor!«

og som det lid til svale kveldings stund
alt meir og meir i lengt dei saman søkjer
og brådt um hals den unge arm seg krøkjer
og øre skjelv dei saman munn mot munn
alt svimrar burt. og der i kvelden varm
i heite sæle søv ho i hans arm

كلمات أغنية عشوائية

اهم الاغاني لهذا الاسبوع

Loading...