kalimah.top
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 #

traditional transcriptions - kråkevisa (mannen og kråka) lyrics

Loading...

[vers 1]
og mannen han gjekk seg i veaskog
hei fara, i veaskog
då satt der ei kråke i lunden og gol
hei fara, faltu riltu raltu ra

[vers 2]
og mannen han tenkte med sjølve seg
hei fara, med sjølve seg
“ska’ tru om den kråka vil drepa meg?”
hei fara, faltu riltu raltu ra

[vers 3]
og mannen han snudde om hesten sin
hei fara, om hesten sin
så køyrde han heimat til garden igjen
hei fara, faltu riltu raltu ra

[vers 4]
å, høyr no, min mann, kva eg spørja deg
hei fara, eg spørja deg
“kor vart det av veden du køyrde til meg?”
hei fara, faltu riltu raltu ra

[vers 5]
eg køyde no ingen ved til deg
hei fara, ingen ved til deg
for kråka ho svor ho sku’ drepa meg
hei fara, faltu riltu raltu ra
[vers 6]
å, no har eg aldri høyrd større skam
hei fara, høyrd større skam
har du høyrd at ei kråke kan drepa ein mann?
hei fara, faltu riltu raltu ra

[vers 7]
men kråka kom etter på taket og gol
hei fara, på taket og gol
og mannen, han opp gjennom ljoren fór
hei fara, faltu riltu raltu ra

[vers 8]
og mannen han spende sin boge for kne
hei fara, sin boge for kne
så skaut han den kråka så ho datt ned
hei fara, faltu riltu raltu ra

[vers 9]
så spende han føre dei folane ti
hei fara, dei folane ti
men kråka, ho sprengde nok alle de
hei fara, faltu riltu raltu ra

[vers 10]
så spende han føre dei folane tolv
hei fara, dei folane tolv
så køyrde han kråka på lovegolv
hei fara, faltu riltu raltu ra
[vers 11]
så flådde han kråka og lema ho sund
hei fara, og lema ho sund
ho vóg innpå seksten og tjuge pund
hei fara, faltu riltu raltu ra

[vers 12]
av skinnet så laga han tolv par skor
hei fara, han tolv par skor
det beste paret, det gav han til mor
hei fara, faltu riltu raltu ra

[vers 13]
og kjøtet han salta i tyner og fat
hei fara, i tyner og fat
og tunga han brukte til jolemat
hei fara, faltu riltu raltu ra

[vers 14]
av tarmane laga han tolv par reip
hei fara, han tolv par reip
og klørne han brukte til møkkagreip
hei fara, faltu riltu raltu ra

[vers 15]
av nebbet så laga han kyrkjebåt
hei fara, han kyrkjebåt
så folk kunne segla båd’ frå og åt
hei fara, faltu riltu raltu ra
[vers 16]
av augo så laga han stoveglas
hei fara, han stoveglas
og nakken han hengde på kyrkja til stas
hei fara, faltu riltu raltu ra

[vers 17]
og den som ‘kje kråka kan nytta so
hei fara, kan nytta so
han er’kje verd ei kråke å få
hei fara, faltu riltu raltu ra

كلمات أغنية عشوائية

اهم الاغاني لهذا الاسبوع

Loading...