
catharinus elling - ved gjætle‑bekken كلمات أغنية
du surlande bekk
du kurlande bekk
her ligg du og kosar deg varm og klaar
og speglar deg rein
og glid yver stein
og sullar so godt
og mullar so smaatt
og glitrar i soli med mjuke baar’
_ aa, her vil eg kvila, kvila
du tiklande bekk
du siklande bekk
her gjeng du so glad i den ljose li
med klunk og med klukk
med song og med sukk
med sus og med dus
gjennom lauvbygt hus
med underlegt svall og med svæving blid
_ aa, her vil eg drøyma, drøyma
du hullande bekk
du sullande bekk
her fekk du sеng under mosen mjuk
her drøymеr du kurt
og gløymer deg burt
og kviskrar og kved
i den store fred
med svaling for hugsott og lengting sjuk
_ aa, her vil eg minnast, minnast
du surlande bekk
du kurlande bekk
her ligg du og kosar deg varm og klaar
og speglar deg rein
og glid yver stein
og sullar so godt
og mullar so smaatt
og glitrar i soli med mjuke baar’
_ aa, her vil eg kvila, kvila
كلمات أغنية عشوائية
- whitesnake - is this love (live, 2015) [2025 remaster] كلمات أغنية
- jeemachello - по крупицам (bit by bit) كلمات أغنية
- cameron winter - lsd كلمات أغنية
- dark_lifee - bop kid كلمات أغنية
- pearly drops & cub sport - mermaid كلمات أغنية
- f3lipe - since birth كلمات أغنية
- шtephanizgø & lord zaychik - my ex! كلمات أغنية
- it's spring tyme - hot كلمات أغنية
- lazybones - bloody snow كلمات أغنية
- kira skov - it ain't pretty كلمات أغنية