
bjørn eidsvåg - ein fin liten blome كلمات أغنية
bjørn eidsvåg – ein fin liten blome
ein fin liten blome i skogen eg ser
i granskogen diger og dryg
og vent mellom mose og lyng han seg ter
han står der så liten og blyg
sei ottast du ikkje i skogen stå gøymd
der skuggane tyngje deg må?
-å nei, for av herren eg aldri vert gløymd
til ringaste blom vil han sjå
men ynskjer du ikkje i prydhagen stå
der folk kunne skoda på deg?
-å nei, eg trivst best mellom ringe og små
eg føddest til skogblome eg
om enn eg er liten, har herren meg kjær
med honom eg kjenner men sæl
kvar morgon meg bøna til himmelen ber
med bøna eg sovnar kvar kveld
som blomen om vinteren visnar eg av
men gler meg, for då står eg brud
lat lekamen kvila med fred i si grav
mi sjel, ho er heime hos gud
ja, glad skal eg vakna hos jesus eingong
i morgonen ævele klår
og blanda med heilage englar min song
i himmele, dit døden ei når!
كلمات أغنية عشوائية
- le kid (rapper) - they say كلمات أغنية
- steven gilbert - poison كلمات أغنية
- hhymn - land of souls كلمات أغنية
- cortex - the freaks - alternative mix كلمات أغنية
- šajmo - paradox كلمات أغنية
- kalis e nicola siciliano - superstar كلمات أغنية
- vangely sunshine - i don't think كلمات أغنية
- beverley knight - red flag كلمات أغنية
- planbe - wiele كلمات أغنية
- saint senpai - fake loves كلمات أغنية